mandag, januar 18, 2021
Dagbok 2021: 18.januar
Klokka er no 18.00, det har vore nokså skya i dag, så eg har ikkje sett sola, men det har vore opplett. Det var godt å stå opp til ein dag som ikkje var så iskald, kaldt er det framleis, men det er + 3 grader C no. I dag er det fødselsdagen til Håkon, han vart fødd i OL-året 1994, det er ein av grunnane til at han fekk namnet sitt. Håkon har hatt eit spesielt år i Koronatida; han er blitt far til ein liten gut og gifta seg. Det var spesielt både meg vigsle og barnedåp i denne tida. GRATULERER MED DAGEN HÅKON!!!!
For dagen i dag hadde eg ikkje store planar, så eg sette meg til å høyre lydbok på føremiddagen.Men etter kvar kom eg i gang med noko eg hadde tenkt å gjere, eg ville begynne å fjerne snøen frå altanen utover. For to år sidan gjorde eg same jobben, men då trur eg ikkje at eg tok heile på ein dag. Snøen var 30 cm tjukk-og veldig tung. Det som er litt utfordrande for meg er å hive snøen over rekkverket. Men eg greidde, med diverse pausar å tømme altanen. Armane mine er ganske bra no, hendene og fingrane ikkje heilt gode. Men eg er veldig glad kvar gong eg får litt god mosjon, og det har snøen sytt for i det siste. Til middag i dag åt eg suppa som var att frå i går, og ei skive + kaffi til "dessert". Etter maten sette eg meg til og las ut boka. Eg veit enno ikkje om det blir trening i morgon.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar