mandag, januar 11, 2021
Dagbok 2021: 11.januar
Klokka er no 16.20, temperaturen ute er minus 7 grader C, og det er gammaldags kvit, kald vinter ute.
Då eg stod opp i dag registrerte eg at det hadde snødd ganske mykje sist natt, og at det blei ein liten jobb å moke. Det hadde slutta å snø, så vona var at det ikkje kom meir. Kor lenge eg var ute og moka er eg ikkje sikker på, men det må no ha vore eit par tre timar. Eg stressar ikkje, men tek meg god tid, og får både mosjon og frisk luft - eg likar å vere ute. Målet var å få det såpass at eg kunne ta ut bilen om eg ville -og at det vart plass til ein besøksbil på tunet. Har ikkje moka bilplassen til leigebuarane mine enno, eg veit ikkje kva tid dei kjem att. Då eg var ferdig gjekk eg inn på PC-en og skreiv meldingar og så ringde eg søskenbarnet mitt i Stryn. Etter kvart blei det tid for middag, den tredje og siste dagen med bacalao. Jammen greidde eg å ete opp alt, men eg trur det tek si tid før eg får lyst på meir.Eg har lagt i omnen så eg har det varmt og godt, strekte meg ut på sofaen ei lita stund etter middagen. Barnebarnet Eirik hadde tenkt å komme på besøk i dag, han skal reise tilbake til Trondheim i morgon, men så hadde han vore på besøk hos ei i går som var forkjøla; sjølv var han frisk og utan symptomar, men han valde å ikkje komme. Eg er meir forsiktig no enn før-vil ikkje gjere noko dumt no når vaksinen ikkje er så langt unna. Eg er litt maroder i hendene og skuldrane etter mokinga, så eg trur ikkje eg skal strikke så mykje i dag. Det er åt og skymest ute, men snøen lyser opp-eg håper den får ligge i ro ei stund-komande sundag får vi sjå sola om veret er like fint då. Vi har hatt ein lett vinter til denne tid, med mykje fint vêr i desember og også i januar.Bilda tok eg ca kl.14 frå trappa.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar