fredag, januar 29, 2021

Dagbok 2021: 29.januar

Framleis julestemning i Starevegen. Klokka er no 17.30, temperaturen ute er minus 1 grad. Det hadde ikkje snødd mykje sist natt, men det har kome litt lett snø i løpet av dagen, så no var eg ute ein tur og moka på tunet. Det var ikkje tungt. Eg har ikkje gått tur i dag, så det var godtå få vere ute litt. Dessverre har vi ikkje sett sola i dag, men det har heller ikkje vore så kaldt. For å få opp dampen i dag tidleg, gjekk eg ut og moka altanane mine, det var lett og fint arbeid; viss ein tek unna etter kvart, slepp ein dei tunge taka. Elles har eg vore nokså lat i dag, sat ei lang stund og las i boka mi, så bytta eg på senga og la i hop ein klesvask etc. og så laga eg middag-i dag også. Eg hadde så mykje poteter som var begynt å bli gamle i kjøleskapet, derfor tok eg og laga god gammaldags potetstappe av dei, og så hadde eg ei såkalla julepølse i frysaren. Det vart ein herremiddag og det veste av alt, eg har nok i morgon også. Eg har fått ein uvane med at når eg set meg ned etter middag så sovnar eg - om eg strikkar så sovnar eg med strikkepinnane i hendene. Så det er berre å gi seg over. Etter middagsluren sette eg meg til å strikke og høyre lydbok, men så kom eg på at eg ikkje hadde henta inn avisa, og då eg gjorde det, såg eg at eg kunne moke tunet, så fekk eg i alle fall LITT mosjon i dag. Viss det er bra føreforhold i morgon kan det bli ein tur på butikken, men berre på KIWI-trur eg. Som de ser så er ikkje dagane mine så spennande, men eg har det bra, og eg har fylt ut skjema til vaksinering, så er det berre å vente på tur. Det kan ta si tid. Førre fredagen skreiv eg alt alle måtte m passe seg på glatta, likevel var vi eit par stykke som datt på rygg. No er det ikkje så glatt lenger som det var, likevel må vi vere forsiktige. Eg trur eg får piggskorne mine i morgon. Dei siste dagane har eg gått med broddar ute. No skal eg varme meg ein kaffikopp, så skal eg brette Møre-Nytt ut over kjøkkenbordet og gå igjennom den frå a til å.Etterpå skal eg ta bladet Pensjonisten, og så blir det TV frå kl.19.God helg til alle ! Mandag startar vi på februar og så er det snart vår.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...