søndag, januar 17, 2021
Dagbok 2021: 17. januar
Klokka er no 17,00, og eg er nettopp ferdig med middagen; i dag vart det broccolisuppe á la blomkålsuppe. Ute har det blitt mykje mildare , + 4 grader no. Ikkje så fint og lyst som det var, men så slepp vi kulden. I dag kveikte eg opp i omnen tidleg, så det var varmt og godt då Marit kom klokka 13.Det vart til at vi såg 3 episodar av serien i dag, men der er nok å ta av.Vi fann ut at sidan det var sundag kunne vi unne oss ein ekstra episode. Trur ikkje vi begynte på begynnelsen då vi hengde oss på. Mykje av det vi såg i dag hugsa vi. I vår ungdom var det dei kongelege som var "kjendisar" i vekeblad og på Filmavisen, som var vår tids TV. I og med at eg har sett så mykje serie og så laga middag har det ikkje blitt gjort stort anna enn det høgst nødvendige. Det hadde vore fristande med ein tur ut, men i dag var eg redd det var glatt.
Ikkje alle i gata har tatt ned julelysa utandørs enno, og det er i grunnen fint. Dei eg hadde var på batteri, og batteria varde heller kort tid. No skal eg bevilge meg ein kopp kaffi med nogo attåt, og så skal eg høyre lydbok. Eg må begynne å strikke igjen snart, for sist natt fekk eg ikkje sove fordi eg verkte i fingrane. Trur strikking er bra for mine fingrar i alle fall.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar