onsdag, juli 31, 2019

Dagbok 2019: 31.juli

Klokka er no ca.18.00, temperaturen er + 21 grader og vi har hatt litt regn både sist natt og i dag. Det gjer berre godt, og eg slepp å vatne i dag.
Eg har gjort fint lite i dag til tross for at eg var tidleg oppe. Eg storma opp og ut for eg trudde bossbilen var på veg, og eg hadde gløymt å sette ut dunkane. Eg kunne ha spart meg, for bossbilen kom ikkje før nærmare kl.12.
Prøvde å lese i Elling-boka mi, men greidde ikkje å konsentrere meg. Det vart litt data og dermed også litt spansk. Fann nokre klede som eg strauk etc. Men når ein ikkje har planar, blir det som regel ikkje gjort noko. Det er ikkje alt eg kan gjere heller, men den låke armen.
Men -eg fann ut at eg kunne vaske og rydde litt i vaskekjellaren. Linda skal truleg overta det gamle kjøleskapet som står der, derfor flytta eg det bort til døra. Så hadde eg ut golvteppa og vaska golvet. Så veldig grundig vart det ikkje-men litt vask er betre enn ingen vask.
Eg fann ut at eg måtte ha ein køyretur i dag, så eg tok ein tur på AMFI. Trefte ikkje ei sjel som eg kjende, men fekk no handla litt, og så hadde eg turen.
Dette må vel vere det som ein kallar ein "lopradag" ? Eg har ikkje snakka med nokon i dag anna enn på Messenger. Hadde på TV og såg ifrå Jølster, og no høyrde eg på radioen at dei meiner at ein mann fór på vatnet i lag med bilen sin. Det var heilt uverkeleg det som hende- ikkje lenger unna - og her gjekk vi og sveitta i strålande sol.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...