onsdag, juli 03, 2019

Dagbok 2019: 3.juli

Solveig fyller 56 år i dag-  kvar alle åra har blitt av,  forstår eg ikkje. Eg husar så godt den sommaren ho vart fødd. Eg gjekk på Eid på "overtid" i ein alt for vinterleg kjole, for sola steikte. Det gjekk så langt over tida at Nils måtte reise til Island før barnet kom til verda. Slik var det den tida. Kva han skulle på Island. Han skulle fiske sild. Han var yrkesfiskar den gongen. Han kom ikkje tilbake før Solveig var 6 veker gammal, han fekk vite om fødselen via radio-eller kva det no var. Eg sende telegram. Sola skein og skein den sommaren, så då overlege Wennevold spurde kva jenta skulle heite, sa eg  kalla opp att sommaren. Namnet var bestemt på førehand, og ho vart liksom kalla opp att etter far min, som var død, han heitte Storm, så det var no berre førebokstaven ho fekk.
Oversøster, Aase, kom inn på fødestua med ei rose som ho hadde funne i sjukehushagen. "Her kommer jeg med sommerens første rose", sa ho; det var forresten far min som hadde planta rosetrea.
Ein dag etter fødselen kom dei og skulle ta all slags prøver av meg, og ingen sa kvifor. Då gjekk eg ned på sjukehuskjøkkenet og sa til mamma at ho fåtte få greie på kva det var. Eg var så redd det var noko med barnet.
Etter ei stund kom oversøster og forklarte at dei tykte eg var så gul i ansiktet at dei lurte på om eg hadde fått gulsott. Forklaringa på fargen var ei heilt anna. Eg var veldig solbrun då eg vart innlagd, og etter kvart vart fargen litt gul.
Eg hugsar veldig mykje frå desse dagane på "føden"- eg låg der ca. ei veke for eg måtte ha to kurar før ungen ville komme til verda. Ho var mitt første barn, mamma sitt første barnebarn, og to av oldemødrene levde enno ho var vel første oldebarn også.

Eg synest godt at sola kunne skine på Solveig i dag også, men vêret er heilt sorgen i dag, + 6 grader, regn og snø i fjella. Stort verre kan det vel ikkje bli på denne årstida.
Men dagane og timane går fort uansett, og eg kjem aldri i mål med det eg skal gjere.
I dag rakk eg å stryke nokre klede før Marit og eg for nedover. I dag var det ho som køyrde. Vi skulle bort på Ose og kjøpe blomster med gartnaren som held til der. Men vi måtte sitte i bilen ei heil stund før vi kunne gå ut. Det var sjølvsagt på grunn av regnet.
Så var vi bort i Gågata, Marit hadde eit par ærend og eg gjekk inn på "Målar-Olav" for å få vite kva eg skulle gjere med parkettgolvet. Mannen eg snakka med meinte eg kunne fylle opp med lakk, noko eg sjølv også hadde vurdert, men eg gjorde ingen ting då eg kom heim , for eg hugsa at Svein hadde foreslått noko anna. I ettermiddag fekk eg melding frå Bodil om at Svein hadde kjøpt noko som kunne brukast og han ville komme å gjere det sjølv.
Vi var også på Amfi, Marit og eg, på apoteket for eksempel. Vi trefte mange vi kjenner, det er alltid mykje folk på Amfi når det er dårleg vêr.
I dag måtte eg snakke meg sjølv til rette. Eg har gått og tenkt at eg skulle vaske rommet i kjellaren, det er ingen stor jobb, men i dag måtte eg love meg sjølv både kaffi og resten av isen før eg kom meg ned. No ventar eg på at det skal bli opplett såpass at eg får rista teppa.Elles har eg studert spansk i dag også, og strikka ferdig ein lest. No skal eg ha meg eit betre måltid-trur eg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...