lørdag, januar 24, 2015

Dagbok 2015: 24.januar

Start
Klokka er no 17.30, og eg føler at det har vore mørkt i timesvis. Temperaturen er + 2 grader C, og det snøar ute no; før i dag har det både regna og sludda. Til ære glede for naboar og andre som ferierer i varme strøk, legg eg ut desse ufyselige bilda.
I dag før middag gikk Nils ein trimtur i skog og mark, før vi begge køyrde ned til Amfi. Mens han var vekke farga eg håret og shina meg opp litt.
På AMFI var det mykje folk , som vanlig, og Nils trefte mange han kjende, det gjorde ikkje eg. Men eg fekk no litt "innemosjon". Det var ikkje så mykje vi trong, men litt hamna i korga i dag også.
Eg har gått og sett på noko rakørret, som har frista meg, og i dag kjøpte vi ein pakke. Det blei middagen i dag, med mandel-poteter og sennepsaus, flatbrød og meierismør. Rakørreten var god, men veldig salt, så Nils måtte spandere av juleølet sitt.(Munkholm-alkoholfritt).
Så vart det siesta på sofaen. Eg held på med ei kjedelig og dårlig bok for tida, så no blir det lenge til neste bokblogg. Har begynt på den minst tre gonger, så no må eg berre lese den ut.
Før eg kledde av meg etter "byturen" gikk eg ei bitte lita runde i nærområdet. Akkurat då kom det ei gedigen sluddbyge, som var over så snart eg var komen i hus.
Elles har vi kokt ein stor porsjon med erterstuing, som vi frys i høvelige porsjonar. Vi kokar av fem pakkar erter om gongen. Det går for det samme. Nils vil ha grønerter attåt nesten all slags mat.
No blir det vel TV mykje av denne kvelden også. Trur eg gløymde å seie GOD HELG ! i går, så då får eg gjere det i dag.

Stopp

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...