søndag, januar 25, 2015

Dagbok 2015: 25.januar

Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 5 grader C og det er opphaldsvêr.
Det hadde kome litt meir snø sist natt og den ligg enno. Nils gjekk ein liten tur før middag, men eg har halde meg inne heile dagen.
Ikkje berre har eg vore inne, eg har vore forferdelig lat. Det einaste eg gjorde før middag var at eg laga oksehalesuppe, og det var ikkje mykje arbeid, for halane hadde eg kokt og reinska før i veka, og Nils skrella grønnsakene, så det var i grunnen berre å skjere opp og blande. Godt vart det til slutt-det skal eg ha.
Etter middag vart det siesta. Vi sov litt dårlig sist natt, for det var nokon som dreiv og skaut opp fyrverkeri i timesvis; dette var noko vi var plaga med før jul, no har det tatt seg opp att. Kan ikkje forstå at politiet ikkje grip inn, syndarane skulle no ikkje vere vanskelege å finne?
Elles har eg lese mykje i boka mi i dag. Den som eg begynte på for tredje gong. No har eg bestemt meg for å lese den ut og bli ferdig med den. Så får eg prøve å finne noko meir interessant.
Og så blir det vel nokre timar TV i kveld også.
I går ettermiddag/kveld kom Solveig på overraskande besøk. Ho måtte til Ørsta og kjøpe klede. Og litt av kvart anna. Blant anna ein fin krysantemum som vi fekk.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...