fredag, januar 23, 2015

Dagbok 2015: 23.januar

Klokka er  17.15. Temperaturen er + 5 grader, og det er overskya med litt regn. Slutt på finevêret for denne gongen, trist å ikkje sjå sola, men godt med mildvêr.
Vi har ikkje vore så altfor aktive i dag heller. Nils var nedover og fekk klipt håret før middag. Eg vaska golv, og smårydda som vanlig.Men det ser ikkje så altfor ryddig ut på bildet.
For eit par dagar sidan bruna eg ein stor porsjon med oksehalar og kokte dei, i dag renska eg dei for kjøt- det vart lite kjøt og mykje bein. Krafta måtte eg sette til kjøling, for den var så full av feitt at den må avfeittast. Much ado about nothing?
Nils fekk vakumpakkemaskin med meg til jul. Det var det han ønska seg. I går prøvde han den på fisk, i dag pakka han sjølvsalta flesk for frysaren. Han tek eit veldig ansvar for at vi skal ha mat i hus.
Til middag i dag hadde vi fiskegrateng frå frysaren.


Elles så las eg ut boka eg heldt på med, den har eg skrive om under her.
Har funne ut at det gjer veldig godt for ryggen min å ligge heilt flatt på sofaen utan pute, så det gjorde eg i dag også. Men somna så tungt at det var vanskeleg å komme til seg sjølv igjen. Men no har eg hatt meg ein god kopp kaffi.
Komande veke blir det møte i pensjonistlaget, så då får vi litt meir å jobbe med. Har mykje vi skulle gjort her heime også, men det er så korte dagar no på vinteren.
I kveld blir det i alle fall nok TV, reknar eg med.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...