lørdag, januar 10, 2015

Dagbok 2015: 10.januar.





Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 2 grader C. I dag hadde vi forventa både storm og det som verre var, men fjorden låg flat og blank som ein spegel, utan det minste vindgrel. Floa var imidlertid svært høg, og om det hadde blese, hadde nok sjøen kome langt innover land. No skal vi ikkje kjenne oss heilt trygge, det kan enno blåse opp.
No er eg litt sånn i tvende sinn når det gjeld vind; eg likar godt at det tutar og blæs, men ikkje at folk eller ting vert skadde, eller at vi misser lyset. Her i Ørsta er skikkelig vind veldig sjeldan.
I dag var vi på ei lita shoppingrunde. Vi kjøpte oss eit lite bord til å ha mellom dei to reclinarane, og eit par andre "oppfriskande" ting. Berre litt frukt og melk på kolonialen.
Til middag blei det pølser+potet og kålrabi. Vi har enno mykje att av "julematen". I morgon skal eg rydde vekk resten av "jula"- det er ikkje så mykje som står att. Juletreet gjekk i lag med det runde bordet. Så blir det vel ein lang TV-kveld-om ikkje noko uforutsett skulle skje.
(Bildet over tok eg sånn i 14.30-tida. Det blir litt for mørkt når ein rettar linsa mot ein lys himmel.)

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi og har rydda ut jula, både i går og i dag. Men kassene går ikkje på loftet før om nokre dagar. All erfaring tilseier at det kjem til å dukke opp litt julepynt hist og her.

Besta sa...

Eg har ei kasse i eit skap på datarommet med handdukar, løperar etc.så der kan eg fylle på så lenge eg vil.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...