søndag, januar 11, 2015

Dagbok 2015: 11.januar

Klokka er ca 12.30. Temperaturen er +1,5 grader C og det er fint lettskya vêr. Mens mykje av Vestlandet hadde ekstremvêr i går, men det knapt eit vindpust her. Slik var det då det var ekstemnedbør i slutten av oktober, den dagen vi køyrde gjennom heile Sogn og Fjordane, eller i alle fall nesten.
I dag har eg brukt føremiddagen til å rydde ut jula, og det som skal på loftet har kome dit no.
Den nye løparen på salongbodet fekk vi av Solveig til jul. Den er sjølvsagt frå Ekelund. Det er fine og gode ting dei lagar der, berre ein ting kan vere eit lite problem og det er jarekantane. Som de ser har dei ein tendens til å "bølge seg " litt.Den var litt mindre farge i stova no, amaryllisane er heller ikkje som dei var for nokre dagar sidan, men alle har ein ekstra stilk, så eg håper på ny blomstring. Når dei takkar for seg for godt, får eg kjøpe primula.
Nils ser sport på TV, men eg finst ikkje interessert, så eg må finne på noko anna. Skal no lage middag om ei stund.I dag blir det juleskinke -innkjøpt til jul.


3 kommentarer:

Elin sa...

Nydeleg løpar!! Ha ei fin veke.

solveig sa...

Løparen er kjøpt i Arvika på ein butikk med stort utval. Det er ein slik butikk der er berre angrar på alt ein IKKJE kjøpte ...

Besta sa...

Dei har ein god del Ekelund på Gåvebua her også, eg skal innom i morgon og sjå om eg finn noko til dei to småborda som matchar.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...