mandag, januar 12, 2015

Dagbok 2015: 12.januar

Klokka nærmar seg halv fem og vi er nyss ferdige med middagen - fiskekaker. No har vi berre ein porsjon att av dei mislykka kakene,og takk for det! Temperaturen ute er litt i underkant av + 5 grader og det blæs litt. Har høyrt "tora" også.
I dag støvsuga eg teppegolva før det vart på tide å fare nedover. Vi skulle på styremøte klokka 13.00, men skulle handle litt først. Eg var innom Gåvebua for å finne små dukar til små bord, men fann ingen ting som passa. Eg får vel grave fram noko frå skuffer og skap så lenge.
Så handla vi litt mat og medisin på Amfi.
Møtet tok nesten to timar, og etterpå tok vi ein tur ut i hamna og såg etter båten til Jørn. Vi skal ikkje mange metrane ut frå sentrum før det er heilt bert. Her på Vallabøen ligg det framleis snø; eg likar at det er litt kvitt rundt dørene, men snøen er ikkje så rein lenger. Bildet over tok eg klokka 15.15, då var det alt skymt, så blitzen gjekk av. Når det er klårvêr er det lyst til klokka er over 16.00.
No skal vi slappe av ei stund før det blir tid for kaffi.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...