fredag, januar 09, 2015

Dagbok 2015: 9.januar

Klokka er snart halv fire, og enno skin sola langt nedetter fjellsida.Neste veke skal vi få sol i stova om det blir klårt. Temperaturen er minus 1,7 grader C. Hadde det berre villa vare. Men det gjer det ikkje. Det er meldt både storm og orkan, så her må vi vere budde på det meste.
Sidan det var så fint og lett vêr vakna eg ein time tidlegare enn vanleg i dag.Ryggen var vond, som vanleg, men energien var på topp. Sidan vêret var så fint høvde det godt å skifte på sengane, lufte dynene og vaske soverommet. Badet og kjøkkenet fekk også ein omgang, måtte komme i rute med fredagsvask, sjølv om det ikkje var så veldig skite.
Så ville Nils ut og fiske litt frå land og sjå etter at båten låg som han skulle før uvêret set inn. Eg såg mitt snitt til å lese ferdig boka eg heldt på med, på same tid som eg strikka på ein lest. Kom akkurat i mål før han kom heim. Han hadde ikkje fått fisk, så det vart å ete fiskegrateng frå i forgårs til middag i dag.
Har plukka vekk ein god del av "jula", det meste blir vel vekk i løpet av helga. I dag tok Nils bort det som hang ute, i tilfelle orkan. Har litt problem med å forstå at det er fredag igjen, ikkje så lett å halde styr på dagane når kvar dag er "som en herlig feriedag".
God helg til alle som er innom bloggen min!

Bilda er tatt frå trappa vår klokka 14.30.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...