fredag, januar 09, 2015

Bok nr.4 - 2015: Den største forbrytelsen

En rystende fortelling om frontkjempere, statspolitiet og de nazistiske byråkratene som gjorde den norske jødeutryddelsen mulig. Vinner av Brageprisen 2014!
På begynnelsen av 1900-tallet kommer det unge jødiske ekteparet Benzel og Sara Braude til Kristiania. De slår seg ned på Grünerløkka og får fire barn. På en annen kant av byen vokser Stian Bech jr. opp. Han er sønn av en antisemittisk høyesterettsadvokat og sliter med å leve opp til omgivelsenes forventinger. Krigen skal gi Bech jr. nye muligheter. En kald februardag i 1941 kommer Wilhelm Wagner fra sikkerhetspolitiet i Berlin til Oslo for å kartlegge alle jøder i Norge. På hvert sitt vis flettes alle disse skjebnene inn i nazismens fanatiske utryddelsesprosjekt.
26. november 1942 står ofre og gjerningsmenn ansikt til ansikt. Da går den første transporten med norske jøder til Auschwitz. Bare et fåtall skal vende tilbake i live.
Hvem stod bak forsøket på å utslette jødene fra Norge? Hvorfor og hvordan kunne denne forbrytelsen skje? Marte Michelet behandler det traumatiske kapitlet av norsk krigshistorie i sin fulle bredde, basert på moderne forskning og en møysommelig gjennomgang av norsk og tysk arkivmateriale. Det er en rystende beretning, og samtidig et levende portrett av jødisk liv i Norge i mellomkrigstiden og de skjebnesvangre okkupasjonsårene.
............................................................
Eg var knappe to veker gammal då tyskarane okkuperte Norge, men eg hugsar "krigen" dvs.soldatane som gjekk forbi huset vårt kvar dag. Eg hugsar "freden" som kom den 8. mai 1945, då besten heiste flagget i Innvik, der vi budde siste delen av krigen.
Alle var glade for at krigen var slutt, og eg trur mange valde å ikkje snakke for mykje om det som hadde vore. Skulebøkene vår hadde ikkje mykje stoff om krigen, og eg las ikkje mykje om det som hadde skjedd. E
Elles har eg inntrykk av at det var "heltelitteraturen" som kom først. Kanskje har ikkje tida vore moden før no for å skrive den heile og fulle sanninga om alt som hende. Historia om jødane vart eg først skikkeleg kjend med i vaksen alder. Eg har ikkje vore spesielt interessert i krigslitteratur, det må eg berre vedgå. Derfor var eg ikkje så ivrig etter å lese denne boka heller.


Men no er det gjort! Og for ei bok! Eg gir den utan å nøle terningkast 6- og det gjer eg ikkje ofte. Eg las den som lydbok, den er på 7 CD-plater, og ho som les den les roleg og greitt. Likevel blir det mange namn å halde greie på, så eg burde nok ha notert undervegs. Derfor vil er kome med følgande råd til andre: Les boka! Kjøp den gjerne i papirutgåve, då kan ein notere etc. om ein vil.
NB: Dette er ein rein dokumentar, ikkje ein roman.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har sett intervju med forfattare. Denne vil eg lese!

Besta sa...

Eg meiner at vi bør ha papirutgåva i familien. Eg kan godt kjøpe den, og så let vi den gå på omgang. Det er som sagt ei faktabok, som kan vere interessant også for komande slekter.Der skal visst vere fotnotar også,dei er truleg ikkje med i lydboka.

Elin sa...

Denne skal eg lese! Eg har begynt på fleire norske bøker i det siste, og dei fengjer lite (Vigdis Hjorth, Tove Nilsen).

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...