torsdag, januar 08, 2015

Dagbok 2015: 8.januar

Klokka er14.30, temperaturen ute er +3,3 grader C, og det er vått og grått som aldri før. Det var enda så, om eg ikkje hadde kjent det så godt på kroppen.
I dag vart det ein tur nedover på oss begge, etter at NIls hadde vore ein tur i banken-åleine.
Vi køyrde bort på Skeidar for å sjå etter eit lite bord med avishylle, men fann ikkje det i dag heller. Ikkje hadde dei Løfbergs kaffi på El-kjøp heller, men vi kjøpte ein pose med heile bønner som dei anbefalte. Så var vi innom biblioteket og der fekk eg tak i Tore Renbergs bok "Angrep fra alle kanter"   som er eit framhald av "Vi ses i morgen".
På Amfi hadde vi ein del ærend i dag, men kjøpte ikkje anna enn det som stod på lappen - berre litt.
No har vi ete ein relativt tidleg middag med spekemat, poteter og potetsalat. Eg får av og til ein voldsom salthunger, og då smakar det godt med spekepølser etc.

Her er adoptiv-/bonuskatten til Nils. Han kjem og får fisk og anna godt kvar dag, men han er ikkje direkte tam. Vi trur det er katten til AO, den som heiter Chat Noir.

Nils har mykje nytt fiskeutstyr hengande i garasjen. Desse linene er ferdige til bruk, han treng berre nokre steinar til å henge på. Men med orkan i sikte blir det vel ikkje fiskeri med det første.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...