mandag, januar 19, 2015

Bok nr. 7 - 2015: Slåttekar i himmelen.


Slåttekar i himmelen» er ein inspirert roman frå forfattaren av «Mors og fars historie». Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vere villig til å satse og om å gjere store offer. Nominert til P2-lytternes romanpris 2014!
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar i Reknes-lia og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får han med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra — stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
.................................................................................................
Så har eg lese ferdig denne boka også. Den er på 8 CD-plater. Å høyre Hoem sjølv lese bøkene sine, er ei fryd i seg sjølv. Innhaldet er på ein måte enkelt og kjent. Oldeforeldra til Hoem er berre litt eldre enn mine eigne besteforeldre. Fleire i slekta hans reiser til Amerika, slik også min morfar gjorde- men han kom att. Boka fortel også om den tekniske utviklinga i andre halvdelen av 1800-talet, som eg i si tid studerte grundig.
Men det er sjølvsagt menneska som er i sentrum.Menneska som lever og arbeider så godt dei kan for å skaffe det mest naudsynte til seg og barna.
Boka er enkel, med eit lett forståeleg språk. Men eg veit ingen som kan skrive vakrare enn Hoem om det enkle, og vanskelege livet.
Når bokmålsfolk skal rose nynorske bøker, skriv dei ofte: "Jeg glemte helt at jeg leste nynorsk......."  Noko eg synest er utruleg komisk, men dei meiner det positivt. Denne boka er skriven på Hoem sitt eige språk-og det er nynorsk. Boka er anbefalt på det varmaste.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:29.desember

                                                                     Akkurat no Klokka er no 16.07, temperaturen ute er + 2grader og det re...