mandag, januar 19, 2015

Dagbok 2015: 19.januar




Klokka er 19.00. Temperaturen er minus 2 grader C og det har vore eit nydelig vêr i dag.
For første gong i år skein sola inn i stova, gjennom rimeleg skitne glas. Eg var ikkje sein om å finne fram eddikvatn og mopp og vaske vekk det aller verste. Sola var her frå klokka 10.40 -ein knapp time.
Eg har halde meg inne i dag også, driv og bygger opp forma. Har vore bra eit par dagar no. Sidan eg ikkje kan halde på med tungarbeid, driv eg mykje med matlaging. I dag laga Nils og eg i fellesskap ein stor porsjon brennsnut, nok til både oss og Margrete med fam. Og eg laga foccaciabrød til.
Vi venta Margrete på lynvisitt i dag, sidan ho skulle køyre Amanda på ballett. Vi skulle dessutan byte bøker; eg låner her og ho der, og så les vi bøkene etter tur. Det blei også tid til ein kaffikopp.
Elles har det ikkje skjedd så mykje, men det var utruleg godt å sjå sol og blå himmel igjen. Eg kom til å tenke på eit dikt/ song, som blir meir aktuelt for kvart år som går: "Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma."
I dag kan vi gratulere Øyvind frå Eid med 22-årsdagen

2 kommentarer:

solveig sa...

Nydeleg dag i dag. Godt når det er lyst når ein går heim! Her har vi litt sol heile året, noko som var uvant for meg!

STRIKKEMOR(O) sa...

Godt nytt år til dokke og! Nydeleg dag i dag, ja! Eg var på Sandane på trening og behandling. Der inne var det mykje meir sol enn i Eid sentrum.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...