torsdag, januar 22, 2015

Dagbok 2015: 22.januar

I dag hadde vi sola ein knapp time frå klokka 10.35, men no kjem ho att i Os-skaret klokka 14.30. Ho var her ca 10 minutt og dett var dett.
No er klokka 14.45, temperaturen ute er minus 4grader C, og det er kanskje siste finevêrsdagen.
I dag gjorde vi oss eit lite ærend til Volda, der det er sol og sommar samanlikna med slik det er her. Der var det bert og dei har sol nesten heile dagen.
Etterpå var vi ein liten tur til Plantasjen og kjøpte oss tre primula, kan kjøpe fleire etter kvart, dei står ikkje så lenge. Men så plantar eg dei ut til våren. Det står ein stakkar frå i fjor ute og blomstrar NO.
Måtte ein snartur inn på Amfi i dag også, hadde eit ærend på Apoteket. Så var det heim og steike fiskekaker, trur det var siste porsjonen av den mislykka produksjonen med seige kaker. Men vi kastar ikkje mat. Vi et med glupande appetitt begge to. Eg vel å sjå det som eit positivt teikn at vi har slik matlyst- i vår alder.
Nils har fått på TV-en med det som eg kallar "ski-mas", men eg trur har somnar i frå heile greia. Eg skal slappe av med ei bok av Linn Ullmann. Ho er faktisk ein svært god forfattar, og det er mannen hennar også, Nils Fredrik Dahl.




1 kommentar:

solveig sa...

Primula hører til denne tida. I år var ikkje gebursdagsbarnet heime på dagen, så det vert ikkje før denne helga...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...