onsdag, januar 21, 2015

Dagbok 2015: 21.januar

Klokka er 17.30. Temperaturen er  minus 4 grader C og vi har hatt enda ein nydelig dag. Sola var her nesten ein time i dag, frå klokka 10.30. Og så kom den att ei lita stund i 14.30-tida.
Nils var relativt tidleg oppe og for på sjøen. Eg venta litt før eg steig fram frå sengevarmen. Mens han var vekke fekk eg støvsuga alle teppegolva litt grundig, og flytta om på dei to sofaane. Eg veit at det siste straffar seg, men så gjer eg det likevel.
Elles har eg gjort ein del av det som eg vil kalle kontorarbeid. Til middag hadde vi resten av suppa frå mandag, så det vart ikkje ferskfisk i dag. Men Nils fekk gitt bort litt av fangsten til naboar og venner. Han hadde ikkje fiska så lenge, for der var is i båten, regn som hadde frose til. Saltvatn frys ikkje så lett.Eine fiskekameraten hans er sjuk for tida, og Matias er i full jobb(?) som prest igjen, så Nils må fiske åleine. Eg likar ikkje det så godt.Men der er som regel folk i hamna og på sjøen når vêret tillet det.
I det vi skulle til å ete middag, kom endeleg elektrikaren som vi har venta på i månadsvis, kanskje eit halvt år. Han skulle legge opp ein jordledning, og så godkjende han det Nils sjølv har gjort når det gjeld varmepumpa. Det hadde ikkje vore så greitt å grave ned noko akkurat no.
Etter middag måtte eg berre lese ferdig papirboka eg begynte på i går, men eg har også ei lydbok som eg har starta på. Det har blitt mykje lesing i det siste, sidan eg ikkje er heilt sprek, og sidan vêret er så ymse. No har det rett nok vore fint nokre dagar, men det er noko glatt på vegane.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...