onsdag, januar 14, 2015

Dagbok 2015: 14.januar

Klokka er 17.00, temperaturen er + 2 grader C, og det regnar. Bilda tok eg i 13-tida, då snødde det tett.Vi såg knapt over på andre sida av fjorden Det hadde også snødd sist natt, så Nils hadde jobb med å mòke med hand, før han hadde eit ærend til Vik. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag heller.
Og ikkje har eg gjort så mykje inne heller. Noko form til å gå laus på store arbeidsoppgåver har eg ikkje, men eg finn alltids ei skuffe eller tre som treng opprydding. Klesvask og oppvask er ikkje arbeid lenger. No treng eg ikkje å gjere så mykje, men blir i betre humør når eg føler at eg har gjort ein jobb.
I dag var det Nils som kokte middag; vi hadde påstråla lange, og det smakte godt.
Elles så driv eg å les lydbok i ledige stunder, og så strikkar eg litt innimellom. Ikkje mykje å skryte av det heller, det blir mest lestar, men eg har inntrykk av at det er relativt populært.
Eg er ikkje glad i dette vêret; best som det kjem mykje fin snø, så regnar den bort. Det er ikkje råd å ta ut sparken, slik eg ønsker meg. Om det vert fint vêr no, så får vi sola. Den er hos oss seinast 18.januar.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...