mandag, januar 26, 2015

Dagbok 2015: 26.januar.

Klokka er 22.30, det er + 1 grad ute. I løpet av dagen har det kome ein del nedbør i form av sludd og regn.
Eg vaska skuffer og skap på kjøkkenet, og taket, før jul. Veggane vart ståande uvaska heilt til i dag. Då gikk eg i gang med å vaske, tenkte eg fekk ta så mykje som eg orka, det enda med at eg gjorde meg ferdig. Måtte berre ha litt hjelp til å ta fram kjøleskapet. Eg var veldig glad og letta då eg var ferdig. Eg er litt skeptisk når det gjeld å klatre opp og ned på stolar og bord, men så fann eg ut at eg kunne bruke nokre gamle briller, som ikkje er så sterke. Det var lurt. Alle som brukar sterke, progressive briller forstår kva eg meiner.
Nils skulle til fastlegekontroll klokka 14.00, så då passa eg på å lese i boka mi mens han var vekke.Trudde eg skulle bli ferdig, men så viste det seg at den var på 10 CD-plater, ikkje sju som eg trudde. Eg veit ikkje om det var noko eg ikkje oppfatta, men eg fekk lite og ingenting ut av den boka.
Då Nils kom heim, laga han middag, kokt salta lange, med gulrot og potet. Det enkle er ofte det beste. Etter siestaen strauk eg og hengde opp reine gardiner på kjøkkenet, og stjernegardinene ligg i vaskemaskina. Klar til neste jul.
NIls henta ei ny bok til meg på biblioteket, veit ikkje om den er noko for meg, men eg får SMS frå dei når dei har noko eg ikkje har lese før. Eg har i alle fall rippa den i kveld.(Mens eg høyrde ferdig boka mi og strikka på ein lest).
Det har vore fleire TV-program i kveld også. Ser sjølvsagt "Anno", og så ser eg "Arvingane" også, enn så lenge. Eg synest det er rimeleg sjukt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...