tirsdag, januar 27, 2015

Dagbok 2015: 27.januar

Klokka er 18.15. Temperaturen er +4 grader C ; det har vore ein grå og våt dag med tanke på vêret.
Eg hadde ei lang telefonsamtale med ei veninne tidleg på føremiddagen i dag. Har mykje kontakt med eit par av veninnene frå barndommen og ungdommen.
Vi måtte nedover i dag, for eg oppdaga at eg var lens for nokre tablettar som eg må ha. Då eg kom ut frå apoteket stod Nils og prata med nokre som eg ikkje kjende med det samme. Men det var altså Lise og Kjell som var på bytur. Vi sette oss inn i kafeen og drakk kaffi. Kjøpte oss kvar si svele. Og det var eit heilt måltid i seg sjølv. Svela var stor og tjukk og smurd med eit tjukt lag "smør" som smakte som majones. Direkte ekkelt, men eg åt den opp, på tross.(Det var ikkje under trappa, der har dei gode sveler). Vi prata vel og lenge, før vi tok ein runde rundt omkring i senteret, ute var det så glatt at det var livsfarleg å gå.
Då vi kom heim, åt vi resten av suppa frå søndag, før vi hadde siesta.
Eg driv og les på den novellesamlinga som Margrete skreiv om for litt sidan, vanskelig å legge frå seg. Men no får eg ta eit lite tak i huset, med bok på øyret.
Elles så kjøpte eg ei papirbok i dag, ei slik av "bestseller"- typen. Vi kan no ha den på omgang i familien. Eg samlar ikkje på bøker lenger. I morgon er det pensjonistmøte, så då har vi program for dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...