lørdag, januar 31, 2015

Dagbok 2015. 31.januar

Klokka har passert 16.00, temperaturen ute er + 1 grad C og vi har hatt ein fin dag med sol og lette skyer. Etter litt somling og avislesing etc. her heime, tok vi turen på Amfi. Og i dag trefte vi mykje folk vi kjenner, ikkje berre Nils, men eg også. Prata med mange som eg ikkje har sett på lenge, så no føler eg meg rimeleg oppdatert.
Vi skulle ikkje ha så mykje, men fekk i alle fall brukt rabatt-lappane våre.
Då vi kom heim, kokte vi berre ein kaffikopp og tok ei brødskive, så middag har vi enno ikkje ete, vi skal ha kokt lange i dag.
Eg følte for å gå ein liten tur i dag, ikkje at eg kjende meg særlig sprek, men vêret var fint og vegen var nesten berr og i tillegg sanda.  Eg brukar sko med vinterdekk, men har ikkje hatt på broddar.
Eg klarte med litt møye og besvær å komme meg rundt Storebakken, plagast med hofta, men kan ikkje gi meg heilt. Nils likar best å gå i terreng, så han for opp i skogen. Der har dei tatt ut mykje grantre, også etter at dei var ferdig med orkanskogen .(Øvste bildet.)Eg synest der kunne vore finare rydda der som vinden huserte. Vi brukar å kalle området Hiroshima, men etter kvar bøter vel naturen sjølv på øydelegginga. Eg stod på vegen og såg Nils forsvinne inn mellom trea. Han er ikkje komen heim enno. Tok nokre bilde av utsikta frå toppunktet. Såg glimt av sola av og til.
Trur ikkje det blir gjort noko meir fornuftig i dag. Ingenting hastar når ein er fri kvar dag.



Og slik er stoda i Starevegen i dag.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...