søndag, februar 01, 2015

Dagbok 2015: 1.februar

Klokka er snart halv sju, temperaturen er minus 1 grad C og det har vore ein nydelig dag med mykje sol, berre lette skyer.
Og kva har eg brukt denne strålande dagene til? Stort sett ingen ting, makta ikkje å komme meg ut for ei dør eingong; dørstokkmila er lang når det er litt kaldt. I alle fall for meg.
Eg hadde ikkje somla meg til å vaske kjøkken og bad til helga, så det vart gjort i dag. Elles plar eg aldri vaske på søndagar. Ei par maskin med klede vart også vaska, men det kan ikkje kallast arbeid. Stort sett har eg skifta mellom å lese og å sove. Les vekselvis i lydbok og papirbok, mens Nils ser på sport på TV. Litt har eg strikka også-men berre litt.
Nils laga middag, det gjer han ofte. I dag hadde vi julepølser med poteter og rabbe og ribbefeitt frå jul. Han kokar, eg ryddar og vaskar opp, og tømmer oppvaskmaskina, slik er arbeids-fordelinga her. Somme dagar.
I morgon skal Nils ut og fiske. Han har fått seg ein ny "læresvein" som vil lære å fiske sei. Dei skal ikkje bruke vår båt, men den som læresveinen eig, for den er større. Eg likar at Nils ikkje fer åleine på sjøen, så det er kjekt at han får nokon med seg. Eg har mykje å ta meg til, om eg får ånden over meg. Men om ånden er villig, er kjøtet skrøpeleg- som skrive står.
I dag har eg blada om på alle kalenderane; på den vi fekk av Einar er det bilde frå Gran Canaria-og namnet februar på "alle" språk, så no kan eg  få utvide ordforrådet mitt.
( Scanna kalenderbildet, men teksten vart ikkje god nok)

3 kommentarer:

solveig sa...

Det spørs om du må legge ut eit bilde av februarbladet på kalenderen, så kan vi og få utvida horisonten litt!

Besta sa...

God ide!

solveig sa...

Der ja! Ser at måndag er eit betre namn på dagen enn mandag!

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...