torsdag, januar 15, 2015

Dagbok 2015: 15.januar

Klokka er ca 14.45. Temperaturen ute er + 5,7 grader. Og himmelen klårnar litt etter litt. Det er nesten som om vi ser sola-eller skinet av den. Det går rette vegen. Og som de ser av bildet over har amaryllisane begynt å blomstre på stilk nr.2. Like vakre som første blomstringa.

I dag har vi vore på rek, det er ei stund sidan sist. Først var eg på biblioteket der det var lite nytt å finne, men no står eg først på lista til "Slåttekar i himmelen". Etterpå var vi på Clas Ohlson, der eg kjøpte nytt tastatur til til den stasjonære datamaskina. Det eg har virkar så dårleg at mange bokstavar ikkje kjem med når eg skriv, så det blir ein heil jobb  rette. Dei har billege lydbøker også på Clas, og eg fann ei som kanskje kan vere interessant. Trur eg har lese ei bok før av Jette A. Kaarsbøl. Den heitte "Den lukkede bok". (Eg er ikkje heilt sikker på om eg har lese den, eller berre lese om den.)
Og i dag hadde vi ikkje planlagt middagen, så då blei det kina-restauranten i Volda. Der fekk vi god, nylaga mat, litt i underkant av 200 kr for to. Det må no vere bra? For dei som ikkje veit kvar det er, så  er det i same hus som Coop Mega.
No skal vi ha oss ein kaffikopp før vi skal slappe av; Nils med sport på TV, eg med lydbok.Og himmelen blir meir og meir blå.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...