Klokka er 20.50 , utetemperaturen +9 grader C, det har vore for det meste opplett og litt vind i dag.
Eg har hatt ein litt hektisk dag, sjølv om eg ikkje stilte opp og dekka bord på kulturhuset i dag.
Nils er aldri heilt bra om morgonen, så han blir liggande ei god stund etter at han har fått mat og medisin. I dag bakte eg to kaker før han stod opp, og då var det i grunnen på tide å tenke på middag, sidan eg skulle ut og farte.
Nils kjem seg til etter kvart, så eg bestemte meg for å gå på pensjonistmøtet i dag, sjølv om han vart heime åleine ei god stund. Eg var såpass forkjøla at eg heldt meg litt unna dei andre pensjonistane. For sikkerheits skuld sette eg meg ved det bordet som oftast blir ståande tomt-men ikkje i dag. Eg høyrer dårleg til vanleg- og enda verre er det når eg er forkjøla, så det han hende det blir eit underleg referat eg spikrar i hop i morgon.
Even køyrde Marit og meg ned til møtet, heim att sat vi på med ei pensjonistdame.
Eg hadde ikkje trongt å tenkje på at Nils var åleine, for det var han ikkje. Han hadde først hatt besøk av ei HBO-sjukepleiar, og så hadde ein av naboane vore innom ein tur.
Men mat hadde han ikkje fått, så det var no godt at eg kom heim og fora han.
Pensjonistane på bildet er dei som har vore med på "Den gylne spaserstokk". To damer frå Sparebank 1 var der og delte ut premiar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar