fredag, mai 21, 2021

Dagbok 2021: 21.mai

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 15 grader, men tidlegare i dag var det nokså kjølig. Det har ikkje regna til denne tid, men eg trur det kan kome nokre dropar til natta. I dag har eg hatt ein relativt aktiv dag. Sidan Einar ville kome og male, ville eg lage god middag til han og meg. Etter litt diskusjon med meg sjølv landa eg på Lasagne men hadde ikkje alt som skulle til, så eg måtte ein tur på butikken.Det er vel første gong dei har sett meg på butikken i 9-tida. Eg skulle ha melk og ein del grønsaker. Ingen problem når ein har ein liten Yaris. Då eg kom heim sette eg i gang med å lage maten, og då eg hadde fått forma inn i omnen flaut kjøkkenet over av ting og tang som trong ein vask. Den tok eg for hand, eg gjer det fortare enn maskina, og så vart det ryddig igjen. Eg har ikkje vore heilt god i ryggen og føtene i dag, eg skuldar litt på alle moldsekkane eg kjøpte i går. Eg sette meg til å strikke mens eg slappa av heilt til Einar kom. Han ville male altanrekkverket nedover, etter at han hadde sett litt på det. Mens han mala, klipte eg plenen rundt huset og nede i bakken. Eg vart ikkje heilt ferdig før middag. Lasagnen smakte godt, med rikeleg rå grønsaker til. Sunt skal det vere! Vi åt godt begge to, men vi kunne gjerne hatt ein gjest til. Det er tradisjon at eg lagar Lasagne når Rasmus og fam. skal komme-men ikkje elles. Så dette var eit unntak. Etter middagen drakk vi kaffi og åt is.Og prata sjølvsagt. Då Einar hadde reist gjekk eg ut og klipte ferdig Skråninga, og så planta eg påskeliljene som eg hadde på trappa i beddet nedanfor garasjen. Det sjølvsagt ikkje noko pryd no, men eg håper dei kjem for fullt neste år. No i sommarhalvåret kuttar eg ut fredagsvasken, og vaskar på laurdag når eg er ferdig med alt rotet mitt. Eg fekk ikkje planta i kassene i dag, men det er no ikkje så mykje arbeid, så det skal eg no klare i morgon. No vart det så fin sol ute at eg må sette mreg ut på altanen. Ønsker alle ei fin helg:God pinse!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...