søndag, mai 23, 2021

Dagbok 2021: 23.mai. Pinsedag

Klokka er no 18.00; temperaturen ute er + 15 grader C, det er overskya no,og opplett, så lenge DET varer. Dagen i dag vart litt annleis enn eg hadde tenkt-men ikkje dårlegare. Eg var ikkje tidleg oppe så eg sat med frokosten på Audun køyrde ned på tunet. Ei stund etter kom Håkon også, dei skulle ut og fiske. Dei var ut og sette linene og kom inn att. Då drakk vi kaffi og åt prinsessekake, som eg fann i frysaren og tinte i mikroen. Sidan eg hadde gutane her fekk dei lov å montere bordet som eg kjøpte førre veka, eg tok ikkje på meg å gjere det sjølv. Så no har eg ein plass til kaffikoppen og fjernkontrollane. Etter ei stund for dei ut att og skulle drage linene. Marit ville at eg skulle komme opp til henne i dag for ho var åleine heime. Ho hadde invitert ei anna venninne også, ei som heiter Brita og er frå Olden. Ja, eg kjenner henne også, for vi går i lag på trening alle tre. Vi fekk kaffi, bollar og kaker, og prata om alt muleg. Eg hadde skrive på Messenger til Håkon kvar eg var, og at dei måtte tute med bilen når dei kom att. Sette plakat på døra også, men høyrde ingen ting. Så då eg såg ut glaset der oppe var bilen vekk. Dermed vart eg verande enda lenger hos Marit og har ikkje gjort noko som helst av det eg hadde planlagt i dag. Det gjer ingen ting, for det kjem vel ein dag i morgon også. Veldig kjekt at gutane kom innom. No har eg drukke kaffi og ete "kaker" i heile dag, så eg trur eg må finne fram spekeskinka mi snart. Håper at alle har hatt ein bra dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...