mandag, mai 24, 2021

Dagbok 2021: 24. mai

Bildet er frå Askjellhaugen(gravplassen) ca. klokka 11 i dag. No er klokka 17.15, temperaturen er + 19 grader og no skin sola igjen. Midt på dagen skya det over og det vart kjøleg, så eg gjekk inn. På føremiddagen var eg altså på gravplassen og tok vekk dei visne påskeliljene og planta litt nytt. Det skulle sjølvsagt ha vore gjort før pinse, men det vart utsett. Planta også litt i kassene utanfor kjøkenglasa då eg kom heim. Men blomstrane hadde fått litt for hard medfart, så det kjem an på om eg ikkje må kjøpe litt meir å putte oppi. Det vart ikkje gjort så mykje meir på føremiddagen, eg sat oppe på altanen med Marit ei stund før det skya over og vart kaldt. Då gjekk eg ned att og laga meg litt middag. Deretter vart eg så trøtt at eg måtte sette meg i godstolen og småsove ei lita stund. No er eg på beina igjen, har drukke kaffi og vakna til live att. No er spørsmålet om eg skal gjere noko i hagen -eller om eg skal gå ein tur på Fonnvernet. Eg er ikkje direkte lat, men det er føtene mine som heile tida protesterer. I morgon er det kvardag att - og trening. Og så vidt eg veit er det ikkje fleire raude dagar før det blir jul-ja, utanom sundagane sjølvsagt. No må eg i alle fall ut og sjå til hagen min.
Det gamle epletreet har begynt å blomstre. Det skal få ein skikkelig klipp før neste sesong.(klikk på bildet for å sjå blomstringa)
Dette er ein gammal elektrisk grasklippar. Den var i bruk litt seinast i fjor. No tok eg den fram for å klippe "steinvegen" men den ville ikkje starte.Eg må eventuelt kvitte meg med den, eg har nok rot som det er. Eg reknar ikkje med at nokon vil prøve å reparere-men det er fritt fram.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...