lørdag, mai 08, 2021
Dagbok 2021: 8.mai
Klokka er no 21.25 og temperaturen ute er + 4 grader C. Sola skin på andre sida av fjorden, men her hos oss har den tatt kvelden. I dag har det veksla mellom sol , regn og haglbyger. Eg var ute ei stund på føremiddagen og tenkte å jobbelitt i hagen, men vinden var iskald. Eg fekk rydda aldri så lite og tok opp eit par bøtter med løvetannrøter. Dei var mindre komne enn vanleg på denne tida. Plommettrea står enno med knoppar som ikkje har sprotte ut-det er sein vår. Eg gjekk inn att for å varme meg, og brått styrtregna det. Eg hadde gløyt å stille opp varmepumpa så det vart til at eg måtte fyre litt i omnen for å halde varmen. Det varte ikkje så lenge, så var det tid for middag og den vart lettvint: Restar frå i går. Eg vart så mett at dpå eg sette meg inn i godstolen, sovna eg ei lita stund.Men eg var vaken då Marit ringde på. Vi hadde avtalt at ho skulle komme nedom. Vi prata og drakk kaffi ei stund, så ringde det på igjen. og no var det Solveig. Hadde vi venta litt med kaffien så hadde vi hatt god kaffimat, for Solveig hadde med seg heimelaga "kanelbollar eller eg er ikkje heilt sikker på kva det heiter når det er gul krem på toppen. Marit gjekk opp att etter ei stun, men eg smakte på baksten, men fraus ned det meste for ikkje å bli frista. Så vart eg sittande å sjå på TV-på presentasjonen over MGP låtar-Eg har vanskeleg for å vurdere innslaga, trur musikksmaken min er ute på dato. Elles har eg brukt litt tild på å dryppe øyret mitt, for eg finn meg ikkje i at han "spesialisten " grev meg i øyret med tortur-reiskapane sine. Det er på tysdag Marit og eg skal til Ulsteinvik igjen-forhåpentlegvis i samme drosje.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 10. august
Klokka er no 19.25, temperaturen ute er pluss 10 grader og det regnar- Eg har sete her i timesvis utan å få til å skrive blogg, det var all...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar