søndag, mai 09, 2021

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle plenane i dag, men det får eg heller gjere i morgon.I dag fekk eg melding frå Bodil om at dei ville komme på besøk og det var no veldig kjekt. Eg bad om at Svein måtte ta med seg verktøy til å måle lufttrykket i bildekka mine, for eg hadde mistanke om at det var faretruande høgt, og det var det. Men no er det i orden. Svein såg også etter andre ting på bilen, og fann ut at det var i orden. Elles hadde vi veldig mykje å prate om , som vanleg, og denne gongen var det VELDIG lenge sidan vi hadde møttest. No er både Svein og eg ferdigvaksinert, og Bodil har fått første Pfizer-sprøyta, så vi følte oss trygge. I dag fekk eg eit nytt maleri som Svein hadde malt etter eit gammalt maleri. Det er frå Eid i veldig gamle dagar. Elles driv eg og drypper øyret mitt i tide og utide, håper å få skylt øyra på legesenteret i morgon, så det ikkje blir enda ein bomtur til Ulsteinvik. Eg har lyst å gå ein liten tur no, får høyre med høgre kneet om det går bra.
Det vart ein snartur på Vernet i dag også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...