mandag, mai 10, 2021

Dagbok 2021: 10.mai

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 16 grader C, det var litt sol tidlegare i dag, men no er det overskya. Denne dagen fekk ein "flying start" for mitt vedkomande, dusja og vaska håret før eg åt frokost.Så ringde eg på legesenteret og det var ingen ting i vegen for at eg fekk spylt øyra mitt, men ikkje i dag. Eg sa at eg skulle til Ulsteinvik i morgon, og viss eg kom med voks i øyret blei eg sendt heim att. Då fann ho litt tid til meg, og det skulle ikkje mange minutta til før øyret var reint. Ikkje var det vondt heller. Når eg har vore til øyrelege før, har eg alltid spylt øyra først, men då var det berre å gå på legekontoret og sette seg i venterommet for laboratoriet-trong ikkje bestille time. Etter skyllinga tok eg ein tur på Europris og kjøpte vaskepulver og andre reingjeringsmiddel. På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg til påskeliljene på grava. Dei står fint enno. Etter at eg hadde bytta på meg arbeidsklede gjekk eg ut og gjødsla plenane mine.Eg hadde to sekker med gjødsel, men skulle gjerne hatt meir, for der er så mykje mose alle stader. Så gjekk eg inn att og begynte å vente på ei regnbyge, men den er ikkje komen enno. Det hadde regna sist natt, så eg håper det kjem ei byge til natta om ikkje før. Eg laga meg pannekaker til middag og etterpå vart eg så trøtt i dag igjen, at eg sat og halvsov då Marit kom. Ho hadde fått melding om at ho skulle gå inn på "Pasientreiser". Men ho fekk det ikkje tl, så ho skulle vente til Janne kom heim. Seinare sende ho melding til meg om at ho hadde snakka med dei på Taxi-sentralen, og vi får lov å sitte i samme drosjen begge to. Han hentar oss her klokka 9.30 i morgon tidleg. Så vi kjem oss i alle fall TIL Ulsteinvik, så blir det vel råd å komme seg heim også, då er det ikkje så nøye med tida. Der går vel ein buss? Eg følte på at eg har vore litt lat på ettermiddagen, så eg trur eg skal gå ut og ta opp eit par bytter med løvetannrøter, no begynner dei å bli så store at dei er letteå finne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...