lørdag, mai 15, 2021

Dagbok 2021: 15.mai

Det er lettskya, men ikkje mykje sol akkurat no. I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere og eg kom i mål med god margin. Etter frokost etc. tok eg fredagsvasken som denne gongen vart utsette til laurdag. Deretter rygga eg ut bilen og vaska den med svamp og bilschampoo før eg spylte den; tok trappa og skurte og spyla den også. Eg talde på fingrane om eg skulle klippe plen eller la vere, men eg bestemte meg for å klippe rundt huset. Der var så stygt, med ugras og restar av vårblomster etc. Eg klipte og det vart litt betre men flekkane der gjødselen hadde "brent" mosen, var ikkje så fint. Men slik har det alltid vore, eg hugsar at eg var irritert på Nils fordi han alltid laga flekkar på plenen. No gjer eg det sjølv. Eg vart ståande å sjå nedover skråninga og grunda på om eg skulle ta den også - og om eg orka. Det gjorde eg. Dei to små plenane oppe mot vegen skal få stå til over helga. Eg har mange kantar som skulle vore klipte med det får stå på vent. Eg spylte klipparen etter bruk, Nils var alltid nøye med det, og det er han som har lært meg opp. Eg var silande sveitt etter strabasane, og fann ut at det var nok mosjon for i dag. Hendene mine var like grøne som graset fordi eg ikkje hadde hugsa å ha på meg hanskar. Det var berre å gå rett i dusjen.Då var klokka ca 15 og det vartid for middag. Eg gad ikkje å lage noko i dag heller, så det vart spekeskinke for tredje dag på rad. Etterpå fekk eg litt is og ein kopp kaffi, fordi eg fortente det.Så sette eg på ein serie på Netflix og sat og strikka mens eg kvilte beina.Det blir ingen tur på Vernet i dag!-Lollo , katten til Marit, som eg passar, har ikkje vist seg i dag, men Marit trur at ho kjem heim att i morgon når dei kjem att frå hytta. Så får eg ønske alle god helg og ein fin 17.mai.
I alle åra som eg har stelt hagen har eg klipt plen to gonger før 17. mai. I år blei det knapt ein gong.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...