fredag, mai 14, 2021

Dagbok 2021: 14.mai

Klokka er no 16.30, sola skin og det er + 19 grader ute.På føremiddagen var det ikkje SÅ fint, då regna det faktisk litt, men det varte ikkje lenge.- I dag bestemte eg meg for å utsette fredagasvasken til i morgon og heller få gjort diverse anna. Eg kvidde meg litt for å køyre bil på allfarveg i dag, har køyrt innafor sentrum heile etterjulsvinteren og våren, og her på Vallabøen er fartsgrensa 30km/t. Men eg skulle i alle fall ned på Kiwi og handle mat. Men motet vaks og det blei til at eg køyrde bort på Plantasjen og kjøpte 2 sekker med kugjødselkompost. Då eg kom heim att angra eg på at eg ikkje hadde kjøpt nokre fine raude geraniar som eg hadde sett. Settepoteter gløymde eg berre. Der var veldig mykje folk på Plantasjen i dag, det skal vel pyntast til 17.mai? På heimvegen stoppa eg på Skeidar og kjøpte eit sånt lite bord som eg ønska meg. Treng det til å ha kaffikoppen og alle fjernkontrollane+ strikketøy etc. når eg ser TV. Mat handla eg på Kiwi. Då eg kom heim, bar eg eine sekken ned i hagen og fylte kugjødselkompost på plantane som eg fekk i jorda i går. Bringebæråkeren såg ikkje ut! Den var heilt attgrodd med skvallerkål. Eg bestemte meg for å reinske den heilt fint før eg gjekk inn att. Det tok meg over to timar, og ryggen protesterte , men eg gav meg ikkje. Tok ned ein stol, så eg kunne få retta ryggen og kvilt litt innimellom."Åkeren" vart ganske fin til slutt, men eg veit kor fort skvalleren kjem att, så eg har ingen falske forhåpningar. Strødde litt kugjødselkompost der også, og resten hadde eg på jordbæråkeren.
Etterpå vart det middag, same retten som i går; spekeskinke og potetsalat. Eg fekk litt is til kaffien som var desseten i dag. Så kvilte eg og såg ein episode på Netflix imens, men eg trur eg sovna litt. No har eg eigentleg lyst å gå ein tur på Vernet, eg veit dei har pynta der med over 130 flagg som dei har festa til gjerdestolpane, eg har sett det på Facebook. Men-eg må heller vatne plantane mine. Før om åra har eg alltid klipt plenen to gonger før 17.mai-i år spørst det om den blir klipt i det heile tatt. Eg tek kanskje og klipper over nedom huset i morgon, det vil tida vise. Eg passar Lollo mens Marit er vekke, men i dag har eg ikkje sette henne. Eg har vore ute og ropt på henne fleire gonger, og eg var opp til huset og såg etter henne der, men utan resultat.Håper det ikkje har hendt henne noko. Marit kjem att på sundag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...