torsdag, mai 13, 2021

Dagbok 2021: 13.mai: Kristi Himmelfartsdag

Klokka er no 17.20, det var litt skodde i fjella først på dagewn, men så vart det sol og fint, ikkje heilt klårt, men lette skyer. På føremiddagen vart eg sittande å strikke og sjå serien "Love Child" på NRK TV, men så vart 1. sesongen slutt, og den andre er ikkje lagt ut enno. Men så kom eg meg ut etter kvart for å plante buskene eg kjøpte i går. Eg planta blåbær for to år sidan, men avlinga vart ikkje stor. Det var Wenche som sa at eg måtte plante ei buske til, for blåbærbuskene trivst ikkje åleine. Så no er det gjort. Eg kjøpte ei solbærbuske på Eid for 2-3 år sidan , den var det mykje fine bær på i fjor, så no prøver eg meg med ei buske til. Vi har planta solbær fleire gonger før, men det kom alltid sjukdom på dei. Eg har planta desse buskene i ei rad-der som sukkerertene var før, så jorda må vere god. Likevel trur eg at eg må ha litt kugjødselkompost å spe på med. Marit U kom bort og surde om eg ville ha jordbær-avleggarar, og det ville eg, i fjor fekk eg også plantar med henne og planta ei rad i den gamle jordbæråkeren, no planta eg ei rad til. Og så var det å vatne! Det var faktisk ganske tørt ute, noko som viste godt på den gjødsla plenen. Planen var at gjødselen skulle "brenne" bort mosen og det har den gjort med glans, heile plenen er brunflekkete, så den fekk også litt vatn frå slangen. Eg blir fort trøtt når eg jobbar med noko, mest i beina, så det vart ikkje til at eg gjekk tur i dag. Då det nærma seg middagstid lurte eg på kva eg skulle ha i dag. Då kom eg heldigvis på at eg hadde kjøpt spekeskinke og potetsalat på Coop i går, så middagen vart redda. Eg tok med kaffikoppen ut på altanen etterpå og sat i sola og kosa meg. La meg ned på solsenga ei stund også, med lydbok, men sovna heldigvis ikkje. No har eg nok å gjere med å drikke. Det er straffa for å ete spekeskinke! I morgon skal eg kanskje kjøpe det vi ikkje kjøpte i går, viss det ikkje er altfor mykje trafikk-i går var det enormt med bilar ute og fór. Vi får heldigvis eit par kvardagar før neste dobbelthelg.

Ingen kommentarer: