onsdag, mai 12, 2021

Dagbok 2021: 12.mai

Klokka er no 18.18, temperaturen ute er + 15 grader, det er lettskya og fint.I dag hadde eg avtale med Margrete om ein lopradag. Det vil seie at vi ikkje skulle ha plikter, men gjere det vi hadde lyst til. Margret kom hit i 12-tida, og så bestemte vi oss forå fare til Ulsteinvik - min tredje tur dit på vel ei veke. Men eg hadde no berre vore på "Øre Nese Hals"- dei to første gongane. I dag tok vi ein runde på dei fleste klesbutikkane og såg på mykje fint-og mindre fint-utan å kjøpe noko. Men vi var på kafe og kjøpe nydelig Kvæfjordkake og kaffi. Vi vart samde om at det var like mykje å få kjøpt i Ørsta/Volda, så vi trong ikkje å kjøpe noko der ute. Vi reiste til Volda, men tok ein liten avstikkar ned i Selbervika. I Volda blei det til at eg kjøpte meg garn til ein genser, vi handla med Ingrid Salt som er kollega med Margrete på skulen i tillegg til at ho driv garnbutikk. Derfrå for vi på Plantasjen, vi gad ikkje å kjøpe mold i dag, men eg kjøpte ein blåbærbusk og ein solbeærbusk som eg skal plante i hagen min. Eg har tenkt å bruke kompostjorda som eg har til det. Vi spurde om dei hadde settepoteter, og det hadde dei, men vi ville lage til åkrane før vi kjøpte. Så vart siste stoppet Coop der eg kjeøpte diverse matvarer, og så var vi inn på kafeen og kjøpte oss hamburger og brus. Og vi var samde om at det hadde vore ein kjekk dag/tur. Det som var viktig for oss i dag var å gjere noko vi hadde lyst til-og det har vi gjort.No er eg heime med meg sjølv og Margrete på veg heim til huset sitt og Charlie. Då eg såg på datoen i dag, kom eg i hug at far min døde den 12.mai. Det er 60 år sidan no. Eg hugsar at då han låg på sjukehuset i Volda, var eg ein tur til Eid. Då plukka eg med meg greiner av det ville kirsebærtreet som stod i blomst. Pappa var alltid så glad i blomster. I dag blomstrar plommetrea litt meir enn i går, så snart er det fullt flor,då får vi håpe at humlene finn fram i år også. Det er som ei helgeaftan i dag, så eg får ønske god helg. Det var utruleg mykje trafikk på vegane i dag, men Margrete er ein habil sjåfør, så alt gjekk bra.Det grønkast mykje i skogen no om dagane, så her er snart like fint som ute på kysten.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...