søndag, mai 16, 2021

Dagbok 2021: 16.mai

Klokka er no 16.30. Temperaturen ute er + 12 grader og no har vi endelig fått nok regn. Ja, eg ville ha regn ned i gjødselen som eg spreidde før den laga for mange brune flekkar. Så vart det altså full vatning i dag så no slepp eg å fare med vatnekanna. Elles har dagen gått veldig fort til tross for at eg har vore her åleine og ikkje "gjort" så mykje. Då eg vakna i dag, etter å ha sove berre nokre få timar, verkte eg i føtene og i ryggen og liksom overalt. Eg tenkte som så at no får eg ikkje klippe plen meir eller plante elle gjere noko som helst. Eg gjkk likegodt og la meg i senga igjen-ei lita stund, så spratt eg opp (sprette og sprette?)og var i fin form. Eg hadde tenkt kvile i dag uansett, så eg har sete og strikka og sett Netflix, men eg har no sett på vaskemaskina eit par gonger, ja, og så har eg no rydda litt her og der. Eg har strikka ferdig eine lesteparet som eg fekk garn til av Solveig, og lagt opp ein lest til par nummer to. Når eg er ferdig med lestane, skal eg begynne på genser til meg sjølv.I dag laga eg skikkeleg middag til meg sjølv, og i tillegg var det ein av favorittrettane mine, nemleg spekesild med poteter og kålstuing. Det var kjempegodt. Dei tre dagane med spekeskinke gjorde at det vart mykje drikking, så får vi sjå korleis det går etter spekesildmiddagen. Det er på Coop eg får den silda som eg likar så godt, den er ikkje frosen , men vakuumpakka og akkurat passeleg salt til å ete utan at eg må vatne.Eg vart veldig mett etter middagen.- Lollo, katten til Marit kom på trappa mi vel ein halvtime før Marit kom att, akkurat slik ho hadde tenkt. Eg gjekk ut på trappa og gav henne litt kvitost, for det likar ho så godt. Ho vil aldri inn i huset til meg. Då ho hadde fått osten gjekk ho opp til vegen og sette seg til å vente.- Det er så fint på muren der oppe no, den raude rhododendronen blomstrar, min stå med knoppar enno, det er meir sol der oppe. Men eg kan sitte ved kjøkkenbordet og nyte synet av andre sine plantar. Eller eg kan sjå på plommeblomstrane mine. I dag, på dagen før Dagen, er det Eivind som har bursdag,i dag fyller han 19 år og er "korona-russ". Alle barnebarna , med unntak av Erlend, fyller år i første halvåret, så det har vore mange fødseldagar i mars, april og mai spesielt. Ein gong må det vel bli råd å feire i lag. I morgon på 17. mai har eg ingen planar. I fjor gjekk eg ein tur på Fonnvernet-og det blir vel noko liknande i år. Eg har i grunnen ikkje brydd meg så mykje om grunnlovsdagen etter at eg slutta å gå i barnetoget med elevane mine. For to år sidan var det veldig fint og varmt på 17.mai, då var Amanda russ, og eg var ein tur til Volda på ettermiddagen i lag med Margrete og barna.Eg vil ønske alle ein fin 17.mai - uansett vêr.
Design: Arne og Carlos.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...