søndag, mai 30, 2021

Dagbok 2021: 30.mai

Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 18 grader C, det er fin sol, men litt vind. Då eg såg ut glaset i dag morgon, hang skodda langt nedetter fjellsidene, men mens eg åt frokost kom det til syne litt blå hinmmel oppe i Skåla. Eg vart gåande å vimse litt på føremiddagen, men så tok eg meg saman,vaska håret og tok på meg skikkelege klede og gjekk ein tur på Vernet. Eg trefte berre to eg kjenner i dag- to som eg snakka med. Det var fint vêr og god sikt då det leid såpass langt på dag. På heimvegen trefte eg "rullator-doktoren" og vi gjekk i lag eit stykke. Prata mest om hage og blomster. Då han jobba på legesenteret her sørga han for blomster i beda rundt huset. Eg måtte vente litt på middagen då eg kom heim, og i mellomtida fylte eg bagasjerommet på bilen min med diverse "boss" som eg skal levere i morgon. I baksetet fekk eg inn eit par sekker med tørt hageavfall. Så då blir det ein tur på VØR i morgon føremiddag. Eg sjekka mobilen min, og der låg det melding frå Eli om styremøte i Pensjonistlaget tysdag kl.12. Då må eg vel skofte treninga. Til middag i dag vart det restar av Taco - middagen frå i går. Etter at eg hadde ete sette eg meg ut på altanen og las i ei bok. Eg var så trøtt at eg heldt på å sovne fleire gonger, så eg tok å laga til solsenga mi. Då var eg ikkje trøtt lenger. Men no skal eg i alle fall ta og lage meg litt kaffi. Marit har hatt besøk av Oddrun i deg. Ho og Stig har "hytte" i Barstadvika, så dei bur ikkje her når dei er "heime". Oddrun køyrer ein kvit Tesla.Vi er blitt aldeles bortskjemt med finevêr no, men eg håper ikkje det er den einaste sommaren vi får. Margrete har bestilt ferie i Solund i år også- i god tid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...