søndag, august 27, 2017

Dagbok 2017: 27.august

Klokka er 19.40. Temperaturen ute er +16 grader C, det er overskya, men opphaldsvêr. I dag tidleg var det sol og fint, etter kvart kom skyene.
Men det har vore ein fin dag, fordi Nils vakna opp i god form. Det er dei beste dagane. Han har vore bra resten av dagen også, så vi har slappa av og kosa oss. Eg måtte rett nok ut på føremiddagen og prøve den nye greinsaksa mi, men sidan eg ikkje kunne sette i gang maskineriet, måtte eg begrense klippinga. Hadde tenkt at eg skulle plukka dei overmodne stikkelsbæra, men så langt kom eg aldri.
Det går av og til litt på halv åtte med måltida våre, men i dag laga eg skikkelig middag til rett tid. Det vart ovnsbakt ørret med nypoteter, rømme og agurk. Til dessert hadde vi kaffi med moltekrem til. Hadde ein pakke fløte ståande og så ofra eg resten av moltesylta vi fekk av Solveig. Vi vart så mette at vi datt heilt ut og sovna i stolane. Vi har ikkje samme matvanane som før, så dette vart i meste laget.
Då dei leid på og Nils skulle sjå fotball på TV, fann eg ut at eg måtte bruke nokre kaloriar, så eg gjekk på blåbærtur.Eg gjekk opp til ein plass der eg er godt kjent, og fann litt bær i posen min. Eg visste at om eg gjekk vidare oppover kom eg opp på skogsvegen. Men kvar var stigane og trakka? Borte vekk ! Trea som var der før hadde orkanen tatt og kratt vaks opp overalt.
Etter mykje klabb og babb kom eg meg opp på vegen, og gleda var stor då eg såg "Raudehytta". Det er synd at det ikkje lenger er beitedyr i skogen; graset veks seg langt og dekker over holer i terrenget, så det var litt av ein risikosport eg gav meg ut på i dag. Men eg var veldig forsiktig, for det er nok med ein pasient i huset; eg vil helst unngå å bryte bein. Nils fekk seg ein liten porsjon blåbær i dag også. I dag har vi ikkje hatt anna besøk enn HBO og Nils har ikkje fått ei einaste sprøyte.(Hadde ikkje med meg fotoapparat i dag, men mobilen er alltid med. De kan sjå at også sjølve vegen er åt og gror igjen, trur ikkje skogsvegane er så mykje brukte lenger. Folk skal opp på toppane!)

Ingen kommentarer: