torsdag, september 26, 2013

Dagbok 2013: 26.september

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 8 grader og sola har gått ned her hos oss.  Det har vore ein nydelig dag , men det er ikkje lenger sommar.
Rett etter frokost sette eg meg ved datamaskina for å skrive referat frå møtet i går. Eg hadde notert side opp og side ned, men kunne ikkje ta med alt. Så det å velje ut kva ein skal ta med er ein stor del av arbeidet. Etter ca. halvannan time var eg i mål med ein råkladd. No står det att å rette og rette opp feila. Trur ikkje manuskriptet kjem til å få Nobel-prisen i litteratur akkurat.
Men no SER eg i alle fall godt. Vi var nedover ein tur og henta dei nye brillene mine, var ikkje klar over kor dårlige dei gamle var, før eg prøvde dei nye. Dei gamle var heilt tåkelagde på midten.
Sidan vi hadde parkert nær Europris var vi innom der og handla litt.
Så var apoteket neste stopp. Eg skulle ha nokre tablettar som er på resept. Sidan vi no har elektroniske reseptar, måtte eg spørje om eg hadde meir til gode. Då fekk eg eit kort med ei internettadresse der eg kan logge meg inn og sjekke reseptane mine. Nettstaden heiter : www.mineresepter.no . Prøvde å finne fram, men har ikkje heilt fått det til enno. Mat kjøpte vi ikkje i dag.
Då vi kom heim gikk vi ei runde rundt på Vallabøen,( kan nesten ikkje kalle det trim), før vi åt opp siste rest av fårikålen frå sist laurdag. No har eg fått nok for i år!
Etter at vi hadde ete, kvilt og drukke kaffi, var vi ute i hagen og demonterte sukkerertene. Nils skal sikre seg så-erter til neste vår.
Og så vaska eg eit par golv, slik at eg berre har støvsuginga att til i morgon.
Ja, slik går nu dagan her i pensjo-heimen. No skal Nils sjå ein fotballkamp, mens eg gjer ferdig manus og sender det+ bilda til avisa.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...