onsdag, september 25, 2013

Dagbok 2013: 25.september

 
 
Klokka har passert 20.00. Ute er det nydelig, klårt vêr og temperaturen er + 7 grader, tydelig at hausten er komen.
Det har vore ein strålande vakker dag, og då er det vel typisk å opphalde seg innadørs?. I dag hadde eg ikkje noko val. Først var vi på Kulturhuset og dekka bord etc. Så var vi heimom og åt litt, slappa litt av og så var det å dusje og kle seg om til møtet.
I dag var det første gong vi hadde dekka for få bord, men vi sette til ekstra stolar her og der, og sat litt trongare enn vanlig. Veldig kjekt at så mange møter fram, og at stadig nye pensjonistar dukkar opp.
I tillegg til det praktiske arbeidet på møtet, vart det mykje å notere, men eg trur eg utset referatskrivinga til i morgon.
Nils var ikkje med på møtet i dag. Eg var litt misunnelig på han og Håkon som fikk fare på sjøen i finevêret. Vi kom heim om lag på same tid, sidan ei av dei andre i styret køyrde meg heim. Fangsten var liten, berre to små makrellar. Det er slikt som nesten aldri skjer. Ikkje hadde det vore så fint vêr på sjøen, heller.
Matlaginga i dag har Nils styrt med, det vart ferdigkjøpte karbonadar både til middag og kvelds. No sit dei to karane og ser fotball på TV, så eg har trekt meg tilbake til "Datarommet".
Håper at vêret blir like fint i morgon, då har eg berre to ting på programmet: Hente brillene mine og skrive referat. Og så vil eg UT.
Fiskarar og fotballentusiastar.
Hagebelysning med solcellebatteri. For 6 lampar betalte vi 118 kr på Clas Ohlson.(Fikk ikkje tatt bilde utan å bruke blitz.)

2 kommentarer:

arieldog sa...

Slike lampar har eg òg lyst på. Kjempesmart!

Besta sa...

Tenkte på deg, Du som har det relativt mørkt rundt omkring, Det fist mange sortar i ulike storleikar-og prisar. Desse var dei minste og billegaste.

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...