tirsdag, september 24, 2013

Dagbok 2013: 24.september

Klokka er ca 19.45. Temperaturen ute er + 10 grader og det er fint, lettskya vêr. Håper det varer og varer....
Dagen i dag har vore litt utom det vanlige. Gravferda til Oddvar Øyehaug tok til klokka 11.00. Det var ein fin seremoni, med sang, musikk og mange kransar og blomster. Det var fine talar om ein mann som "alle" likte. Presten som forretta var den nye presten på Sæbø (Hjørundfjord), som inntil vidare bur hos svigerforeldra øvst i Storebakken. Kyrkja var stappfull av folk, for både Oddvar og kona har mykje slekt i bygda. I tillegg til å vere sløydlærar på lærarskulen, har Oddvar vore aktiv i kunstlaget og andre foreiningar i bygda.
Etter gravferda var vi heimom og bytte klede før vi var nedover og handla. Eg var m.a. inn på Miss B og sjekka haustkolleksjonen. Der var veldig mykje fint, blant anna hadde dei fått inn genserar i heilt vanlig fasong og i mange fine fargar. Eg kjøpte ingen ting, men eg må kanskje ha eit eller anna nytt til jul? Kleda høver for folk frå ca 40 år og oppover. Butikken held til i 2.etasje på Amfi.
Elles kjøpte vi nokre billige solcellebaserte lampar til å ha i hagen.Spent på om dei virkar.Dei kjøpte vi på Clas Ohlson.
Då vi kom heim, tok eg inn og la i hop ein klesvask, før vi bestemte oss for å gå ein tur i finevêret. Det vart ein kort tur, men vi brukte lang tid. Grunnen? Folk var ute i det fine vêret, og sidan mange er pensjonistar har ein tid å prate. Og dei fleste pratar om fisk! Då vi kom opp på toppen av Storebakken, møtte vi både presten og svigerfar hans, så no er vi tilbørlig presentert.
Klokka var nærmare 17.00 før vi fekk tid å begynne å lage middag, og det vart tilsvarande sein middagslur. Mens eg drakk kaffi etterpå ringde ei veninne. I går kveld ringde ei anna veninne, så det blir mykje prating, også over telefon. Men det er så kjekt at folk tek kontakt, eg er ikkje så flink til det.
Kvar gong eg er i gravferd, er det ei strofe som kjem for meg, når eg ser den overfloda av kransar og bukettar som ligg på og rundt kista, og høyrer alle dei fine orda:

                     "Gi meg en blomst mens jeg lever
                       så hjertet kan frydes ved den,
                       for øyet mitt ser ei de blomster
                       du legger på kisten min hen."

(Heile teksten, som trulig er ei dansk skillingsvise, finst på nettet.)

1 kommentar:

Hildegard sa...

Vakkert dikt - og så sant så sant. Eg har besøkt Elin på ettermiddagen i dag. Hilde var til fysioterapeut først og kom dit etterpå, så eg nytta skyssen. Audny kom frå jobben i Tine.
Eidabesta

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...