Klokka er 19.00, temperaturen + 10 grader C og det regnar.
Tidlegare i dag var det periodar med bra vêr, så før middag var vi ute og tømte matkomposten og grov ned molda. Dvs. Det var no Nils som gjorde mesteparten av arbeidet. Sjøv flytta eg eit par plantar. Vi vart i alle fall såpass skitne, at eg gikk rett i dusjen med hud og hår.(Vaska håret).
Nils kokte salta lange til middag i dag, den retten får ikkje eg prøve meg på ein gong. Det smakte i alle fall godt, og så vart det ei stund på sofaen, før vi eventuelt skulle finne på noko.
Dessverre kom regnet og sette ein stoppar for planane. Eg hadde ein haug med klede som skulle strykast. Det er eit arbeid eg likar godt, for då kan eg ha bok på øyret imens. Så fann eg fram ei svart jakke som eg har brukt mykje. Har hatt den i mange år, og heile tida har ermane vore for lange. I dag hugsa eg å legge dei opp. Då høyrde eg bok på data.
No driv eg å les på ei kjempelang bok, heile 20 CD plater, men det er lett stoff a la ukebladroman. Greitt nok når ein ikkje ventar seg noko anna. "Den lange hvite skyens land" heiter den, og handlar om engelske damer/jenter som utvandrar til New Zealand midt på 1800-talet.
I morgon skal vi i gravferd, det er mannen til ein tidlegare kollega som er død. Vi har prata mykje med dei etter at vi vart pensjonistar, brukte å møtast på Amfi. I det siste har vi sakna dei, men så fikk vi vite at han var sjuk. Og så varte det ikkje lenge før han døde.
Onsdag er det møte i pensjonistlaget, og då står vi på meir og mindre heile dagen. Og dagen etter plar eg skrive referat. Så dette er det vi kallar ei travel veke her i Pensjonistland.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar