Klokka er snart 20.00, og eg veit i grunnen ikkje kvar dagen har blitt av. Vêret har vore både overskya, skodde, sol og vind, men sidan vinden kjem frå nord, er han ganske kald. No er temperaturen + 10 grader C.
Eg hadde ein ting en måtte gjere i dag, og det var å legge opp buksa som eg kjøpte i Stryn. Er det noko eg hatar, så er det å sy, men eg sette meg framfor datamaskina og høyrde bok mens eg sydde, så det gikk greitt. Eg fekk tak i ei god bukse med stekk i, men slike bukser har ein tendens til å vekse. Fekk eit tips med butikkdama i Stryn: Bruk aldri skyllemiddel når du vaskar elastiske bukser! Eg gir hermed rådet vidare.
Nils var ein tur bort på terminalen mens eg sydde, sette på vaskemaskina etc. Når ein rek heile veka blir det litt av kvart som hopar seg opp.
Til middag vart det oppvarna (ihelkokt) fårikål - ikkje min favoritt. I morgon må vi finne noko skikkelig mat, dvs.fisk.
Elles har eg gjort litt papirarbeid, og kom brått på at eg ikkje har skrive referat frå styremøtet sist torsdag! Det utset eg. Komande onsdag er det sesongens første møte i pensjonistlaget, og den1.oktober er det Den internasjonale eldredagen. Vi i pensjonistlaget har ikkje så mykje ansvar for den, men samarbeidar med Eldrerådet.
No må eg prøve å hugse å sjå programmet frå øyane i vest i kveld, gløymde det forrige sundag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar