lørdag, september 21, 2013

Dagbok 2013: 21.september

"Tvillingane" Olaug og Eirik begynte i 1. klasse i 2003.
I år begynte dei i 1. klasse igjen. Denne gongen på vidaregåande.Olaug i Ulsteinvik, Eirik i Volda.Dei er sjølvsagt ikkje ekte tvillingar, men søskenbarn.Ikkje heilt ulike!

 
Klokka går mot halv åtte. I dag har vi hatt både sol og regn; akkurat no er det ganske grått ute. Temperaturen er + 10 grader C.
Vi har hatt ein hyggelig dag, med besøk av barn og barnebarn. Det var den store fårikåldagen i dag. Lagar retten stort sett berre ein gong i løpet av hausten. I dag var vi 9 til bords, ikkje råd å samle alle lenger, og det kan ein heller ikkje vente.
Vi har alltid mykje å prate om, vi vaksne, for ungdommane er her ikkje så mykje å finne på. Amanda hadde spela fotball heile føremiddagen, så ho var sliten.
Etter at alle var reiste vaska eg opp ein heil del kasserollar, og så var det ei veninne som ringde.
No skal vi sjå TV på NRK 1 og ta opp på TV 2, så kan vi spole forbi reklamen.
Det blei ikkje til at eg tok bilde i dag, men reknar med at Margrete legg ut bilde av førsteklassingane.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...