onsdag, september 18, 2013

Dagbok 2013: 18.september

 
Klokka er 19.00. Temperaturen er +11 grader C, det er overskya, men opphaldsvêr. Frå morgonen av var det sol og fint.
Vi prøver å finne på noko kjekt å gjere når vêret er bra, og i dag vart det biltur i ytre strok. Må berre legge til at eg hadde støvsuga alle teppegolva og rydda før vi for.
Vi har ikkje vore i Fosnavågen på to år, så vi tykte det passa med ein tur dit.Det skjer noko med meg med det same vi tek av i krysset og køyrer mot Fosnavåg. Landskapet og vegetasjonen minner så om Måløy og Raudeberg at eg går tilbake i tid til då vi kom til Raudeberg i 1962.Vi budde der berre i tre år, og eg har aldri lengta tilbake dit, berre til tida som var.
Vi såg oss litt om i byen, og så blei det ein tur på kafe, sidan det var "lunshtime" . Kjøpte omelett med skinke og ost+salat+brød. Det både smakte og metta godt.
Elles er det kjekt, for Nils spesielt, å sjå alle båtane og minnast den tida han dreiv fiskeri og var innom Fosnavåg.Vi var inn på ein butikk der det var ei godt vaksen dame som hadde gode kunnskapar om fiskerihistoria, det var kjekt å snakke med henne; der var ingen kundar i butikken, så ho hadde god tid.
Og så måtte vi sjølvsagt bort på Dyrkornbutikken, så Nils fekk kjøpe seg nokre fiskesaker.
Neste stopp var Statoil, der vi fylte opp kaffikoppane våre.Vi var enige om å ta turen til Runde sidan vi var komne såpass langt, og det gjorde vi. Ikkje så mykje nytt å sjå der, men eg skulle jo ta fine bilde.Dei vart berre sånn passe. Det hadde skya over, men himmelen var bra lys, og då vert jorda tilsvarande mørk. Vi gjekk opp på ei høgde der fyrlykta stod og drakk kaffien vår.
Der stod eit skilt i krysset, med namna Moltustranda og Gjerdsvika på. Der hadde vi aldri vore, og eg fann ut at vi kunne køyre dit utan å ta same vegen tilbake.Det gjorde vi. Og sannelig vart vi overraska. Plassane var større enn vi trudde, og indst i Gurskebotnen hadde Kleven ein slipp, eller kva det no heiter, så der budde mykje folk.
På Coop i Gjerdsvika hadde vi fått tips om vegen, og det var inga sak å finne fram. Midt oppe på fjellet såg eg innover til Liadalsnipa, og tenkte på Ivar Aasen"......då såg han fjelli stigande og kjendest ved si strand...."
Då vi kom heim, hadde Nils klar middagen på no time: Salta lange+ gulrot og mandelpoteter.
No skal det vere slutt på tulleturar, no må vi snart komme oss på ein skikkelig tur, for no er bilen "innkøyrt".

2 kommentarer:

solveig sa...

Sjølv om vi bur nær, er eg berre i Fosnavåg ein gong i året, på blomsterhandel og kafe.

Besta sa...

Vi bur vel nesten like nær ? No når vi har tunnel er ikkje skilnaden så stor.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...