fredag, september 13, 2013

Dagbok 2013: 13. september

Klokka nærmar seg 19.30. Ute er det skodde og regn, det har det vore heile dagen. Temperaturen er +10 grader C, men Nils har fyrt i omnen, så vi har det lunt og godt.
I dag har vi har vi hatt ein relativt travel dag. Eg hadde time hos optikar klokka 10.30, og ho er veldig grundig, så det tok si tid. Heldigvis fann ho ikkje noko gale, men eg må ha litt sterkare briller enn før. Så var det å ta ut nye innfatningar;  eg valde å følge moten, så eg bestemte meg for nokre relativt store med brun innfatning. Ikkje akkurat usynlige !
På veg mot Festøya diskuterte vi korleis vi skulle gripe saka an på bilbutikken. Planen gikk i kortheit ut på at eg skulle seie minst mulig, og at vi ikkje skulle seie rett ut at vi hadde bestemt oss for kva bil vi skulle kjøpe.
Vi blei møtt av ein veldig hyggelig, ung mann som etter kvart fortalde at han var oppvaksen på Vallabøen i Ørsta like ved Vikemarka skule. Mor hans er død, men ho var frå Eid. Besteforeldra hans kjende eg, dei budde i Prestemarka, ikkje så langt frå oss. Det var nummeret før vi vart i slekt.
Etter ein del mailing fram og tilbake fekk vi papir på at Colt-en er ein 2010- modell. På vognkortet vårt stod det ikkje årsmodellen , berre chassis-nummeret, som indikerte at bilen var laga i 2009. Eg meiner dei sa at bilen er ein 2010 modell som vart laga på slutten av 2009, men Nils meiner den var laga i 2010. Så kan no vi krangle om det her heime, det betyr ingen ting.
Etterpå var vi ein tur på Moa og kjøpte oss pizza på Dolly Dimple, det er fast tradisjon når vi er der ute. I dag valde eg ein asiatisk variant, som vi likte godt. Etterpå var vi på Statoil og fylte bensin på bilen og kaffi på krusa våre.
Vi var ein liten tur på det andre Moa-senteret også. Der kjøpte vi oss ei steikepanne på tilbod. Må ha ei i reserve, og denne er lysegrøn utanpå. Tenkte den skulle høve til pannekaker.
I dag er det fredag den 13. -men eg veit ikkje om det er grunnen til at to bilar var hamna i grøfta på strekninga Ørsta-Festøy.
Så vil eg ønske alle ei god helg. Vi har farta ein del i det siste, og i morgon kan det hende det blir ein tur til Fosnavågen, Nils har lyst å sjå ein motortorpedobåt som skal vere der. Han hugsar slike frå krigens dagar. Vi får slite på gamlebilen mens vi har den.

2 kommentarer:

solveig sa...

Godt det enda godt med bilen!

Elles er det litt vittig at eg sat for 5 minutt sidan og såg reklame for den steikepanna og tenkte at den kanskje kunne vore ei steikepanne til kvardagsbruk (orsak viss du skal ha den til best - for fin er den!)Der stod nemleg at den kunne vere i oppvaskmaskin.

Besta sa...

Eg har ikkje steikepanner til kvardags eller best- eg brukar dei er har til dei ikkje er gode lenger. Denne er litt mindre enn den eg brukar til daglig, 28 cm, det er bra til pannekaker. Elles har eg eit heilt arsenal av steikepanner, skulle sikkert ha kassert nokre.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...