lørdag, september 14, 2013

Dagbok 2013: 14.september.

KLokka  er snart 18.00 og temperaturen + 10 grader. Ute er det skodde og regn, slik det har vore i to heile dagar no. Skulle absolutt ha gått ein tur, men er som katten og skyr regnvêr som pesten, enda eg har både regnkåpe og støvlar, det står ikkje på det.
Nils er ute i garasjen og greier liner, og no har han fått selskap, høyrer eg.
Eg er  nettopp ferdig med å rippe ei bok som eg var innom biblioteket og henta i dag. Eg står først på ventelista til alle nye lydbøker, så eg får melding med det same dei kjem. Dei likar at eg er så snar å levere bøkene tilbake.
I dag hadde vi altså tenkt oss til Fosnavåg, men når det vart slikt trasig vêr vart det ikkje. Vi hadde eit par ærend i Vik og så var vi på Amfi ein tur, der vi trefte mange kjende.Folk har etter kvart leita seg heim att etter sommarferien, pensjonistane også.
Møtte ein tidlegare kollega frå skulen, ho var ganske fortvila over situasjonen. No får dei stadig inn nye elevar frå aust-Europa, og sidan dei ikkje er flyktningar, får dei heller ikkje ekstratimar. Det er å stille opp på skulen frå første dag, utan å kunne eit ord norsk, og utan å ha rett til ekstra hjelp. Og så kjem Erna og snakkar om at alle barn skal ha sin "drømmelærer"-  "HO veit ikkje kva ho snakkar om".
Eg kjøpte meg ein ny genser på sal, oppdaga at eg ikkje hadde ein einaste genser eg kunne bruke inni den nye blå jakka.Det har eg no. Til halv pris.
I dag steikte eg lomre og kveite til middag, lomra var best. Laga remuladesaus til, og så hadde vi mandelpoteter frå Skjåk.
Vi var innom bilseljaren vår, og no er alt i orden. Måndag klokka 13.00 skal vi hente nyebilen. Eg er litt sentimental når vi byter bil, derfor må den lille røde få vere med på bildet i dag.
 
Boka eg les no heiter "Rydd ut" og er skriven av Helene Uri (f. 1964). Det er ei slik bok eg gjerne skulle ha skrive sjølv.(Til privat bruk). Ho fortel om seg sjølv, familien og slekta i fleire generasjonar. Blant anna fortel ho om korleis det var å miste mor si, og alle tankane som kom etterpå. På samme tid skriv ho bok om ein fiktiv person som ho kallar Ellinor. Eg er ikkje komen meir enn halvveges i boka, men så langt er det interessant. Neste bok på leselista er boka under. Det er også ein sjølvbiografi.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...