mandag, september 30, 2013

Dagbok 2013: 30.september.

Så er vi komne fram til siste dagen i denne månaden, og den mørke hausten og vinteren er i kjømda. Eg ventar framleis på sommaren, som ikkje gjorde så mykje av seg i år heller, her på våre kantar.
No har vi likevel hatt ein strålande dag med sol frå neste skyfri himmel, ganske mildt har det også vore, minst +15 grader C. No er klokka ca 20.00 og temperaturen er + 8 grader.
Har site og sett og høyrt på TV, det er sjølvsagt den nye regjeringa eg er spent på. Har enno eit håp om at forhandlinga skal bryte saman, at Erna og Siv blir uvenner og at Jens må komme og ordne opp. Ap er tross alt det største partiet!
I dag har eg vore mykje på kjøkkenet. Før middag var eg oppteken med å lage eit godt måltid av ball, knokar, steikt flesk og kokt flesk m.m. Sidan eg likevel heldt til på kjøkkenet, sette eg ein brøddeig og baka tre store brød til Nils. Eg et på eit dansk grovbrød frå Lom som eg kjøpte i Volda sist fredag, elles går det på Ingers.
Margrete kom klokka15.30 og fekk akkurat den middagen ho ønska seg. Og så fekk ho sjølvsagt med seg restar heim til ungane.
I morgon er det Den internasjonale eldredagen og det blir tilstelling på Kulturhuset klokka 16.00. Denne gongen har eg ikkje andre plikter enn å hjelpe til med å dekke borda. Ikkje skal eg skrive referat heller, for denne gongen kjem det folk frå avisa.Viss det blir like fint i morgon, må vi prøve å komme oss ut ein tur før middag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...