tirsdag, oktober 01, 2013

Dagbok 2013: 1.oktober

Klokka slo nettopp åtte, og det har mørkna meir sidan eg tok bildet over.Det er ein nydelig kveld ute, og ein nydelig dag har det vore, men no  er temperaturen berre +7 grader C.
Vi kom nyss heim frå Kulturhuset, der vi har feira Den internasjonale eldredagen. "Festen" tok til klokka 16.00 og var slutt ca 19.30. Nils skulle på møte i SV klokka 20, så her går det i eitt. Tidligare i dag var vi på kulturhuset og dekka bord. Nils og eg har også ansvaret for å hente songbøkene på Bakk-Ola og få dei på plass att.
Eg gledde meg til å sleppe å stille som presseansvarlig, men for sikkerheits skuld putta eg blokk og penn i veska på vona dei ikkje kom frå avisa.Dei hadde fått tips om å stille opp.Eg plar ikkje betale inngangsbillett, sidan eg er med i styret, men i dag skulle dei fine dekorasjonane loddast ut på inngangsbilletten, så eg bad Nils om å kjøpe to. Og så vann vi på begge.
Men så måtte eg altså "jobbe", for ingen journalist frå Møre-Nytt dukka opp; eg skal innrømme at eg var litt skuffa over det. No blir det å skrive referat i morgon igjen, før det forrige har vore i avisa. Møre-Nytt er ikkje som den var før Sunnmørsposten tok over. Men dei fine dekorasjonane var no eit lite plaster på såret.
LITT fekk vi vere ute i fineveret i dag også, sidan vi gikk tur midt på blanke føremiddagen. Det er slikt ein kan gjere når ein er pensjonist.Håper på fint vêr i morgon også, då skal vi til Ulsteinvik på boklansering. Det er på Kaffi-Kari klokka 19.00.
 

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er visst berre å ta lodd for tida! Sjåast i morgon!

Besta sa...

Ja, vi kjem. Eg har avtalt møte med Mariann også.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...